«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 25

1  So skilde David og herhovdingane ut til gudstenesta ut sønene åt Asaf og Heman og Jedutun, som i profetisk eldhug* spela på citar og harpa og cymbel. No skal me rekna dei upp, dei mennene som hadde fenge denne tenesta:

2  Av Asafs-borni var det Sakkur og Josef og Netanja og Asarela, sønene hans Asaf. Asaf styrde sjølv songen, og spela i profetisk eldhug soleis som kongen hadde sagt fyre;

3  av Jedutun - Jedutuns-sønene -: Gedalja og Seri og Jesaja og Hasabja og Mattitja, seks* i talet; dei hadde citarar og Jedutun, far deira, styrde songen deira, og spela i profetisk eldhug til Herrens lov og pris;

4  av Heman, - Hemans-sønene -: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sebuel, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti og Romamti-Eser, Josbekasa, Malloti, Hotir og Mahasiot;

5  dei var alle søner åt Heman, han som var sjåaren åt kongen og kom til han med bod frå Gud; og Gud gav Heman fjortan søner og tri døtter, av di han vilde hevja upp hornet hans.

6  Alle desse greidde med songen i Herrens hus, kvar med far sin til styrar; dei spela på cymblar og harpor og citarar når det var tenesta i Guds hus, og Asaf og Jedutun og Heman styrde spelet etter fyresegn frå kongen.

7  Talet på dei, brørne deira medrekna - dei som var upplærde i songen for Herren, alle som hadde vunne meisterskap i kunsti - var tvo hundrad og åtte og åtti.

8  Dei kasta lut um yrket sitt alle saman, den minste som den største, meisteren som læresveinen.

9  Fyrste luten fall på Asaf, det vil segja på Josef; den andre vart Gedalja, han sjølv med brørne og sønene hans, tolv i talet;

10  den tridje vart Sakkur med sønene og brørne sine, tolv i talet;

11  den fjorde luten fall på Jisri med sønene og brørne hans, tolv i talet;

12  den femte vart Netanja med sønene og brørne sine, tolv i talet;

13  den sette vart Bukkia og sønene og brørne hans, tolv i talet;

14  den sjuande vart Jesarela og sønene og brørne hans, tolv i talet;

15  den åttande vart Jesaja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

16  den niande vart Mattanja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

17  den tiande vart Sime'i og sønene og brørne hans, tolv i talet;

18  den ellevte vart Asarel og sønene og brørne hans, tolv i talet;

19  den tolvte luten fall på Hasabja med sønene og brørne hans, tolv i talet;

20  den trettande vart Subael og sønene og brørne hans, tolv i talet;

21  den fjortande vart Mattitja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

22  den femtande luten fall på Jeremot med sønene og brørne hans, tolv i talet;

23  den sekstande vart Hananja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

24  den syttande vart Josbekasa og sønene og brørne hans, tolv i talet;

25  den attande vart Hanani og sønene og brørne hans, tolv i talet;

26  den nittande vart Malloti og sønene og brørne hans, tolv i talet;

27  den tjugande vart Eliata og sønene og brørne hans, tolv i talet;

28  den ein og tjugande vart Hotir og sønene og brørne hans, tolv i talet;

29  den tvo og tjugande vart Giddalti og sønene og brørne hans, tolv i talet;

30  den tri og tjugande vart Mahasiot og sønene og brørne hans, tolv i talet,

31  den fire og tjugande vart Romamti-Eser og sønene og brørne hans, tolv i talet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23