Første Krønikebok 24
1 No skal me tala um Arons-sønene og i skifti deira: Sønene hans Aron var Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde fyre far sin og hadde ingi søner; det var soleis berre Eleasar og Itamar som vart prestar.
3 Saman med Sadok av Eleasars-sønene og Akimelek av Itamars-sønene skipa David dei i tenestelag etter yrket deira.
4 Men då det synte seg at Eleasars-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamars-sønene, skipa dei det so at Eleasars-sønene fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner og Itamars-sønene åtte for sine ættgreiner.
5 Det var med lutkasting dei skifte dei, båe ættene; for det fanst heilagdoms-fyrstar og Guds-fyrstar både millom Eleasars-sønene og hjå Itamars-sønene.
6 Semaja Netanelsson, som var skrivar og høyrde til Levi-ætti, skreiv dei upp for augo åt kongen og hovdingane; Sadok, presten og Akimelek Ebjatarsson og ættehovdingane åt prestane og levitane var der og såg på. Dei tok ut ei ættgrein for Eleasar og so til skiftes ei for Itamar.
7 Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,
8 den tridje på Harim, den fjorde på Seorim,
9 den femte på Malkia, den sette på Mijamin,
10 den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia,
11 den niande på Jesua, den tiande på Sekanja,
12 den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim,
13 den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,
14 den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,
15 den syttande på Hesir, den attande på Happisses,
16 den nittande på Petahja, den tjugande på Esekiel,
17 den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,
18 den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma'asja.
19 Dette var den skipnaden dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, soleis som Aron, far deira, hadde sagt dei fyre etter den fyresegni han hadde fenge frå Herren, Israels Gud.
20 Spørst det um dei andre Levi-borni, so var det av Amrams-sønene Subael, og av Subaels-sønene Jehdeja.
21 Av Rehabja-sønene Jissia hovdingen.
22 Til jisharitane høyrde Selomot, til Selomots-sønene Jahat.
23 Sønene [hans Hebron] var Jeria, Amarja, den andre, Jahasiel, den tridje, og Jakamam, den fjorde.
24 Son hans Ussiel var Mika; av sønene hans Mika Samur.
25 Bror åt Mika heitte Jissia; ein av sønene hans Jissia heitte Sakarja;
26 sønene åt Merari var Mahli og Musi, søner åt Ja'asia, hans son.
27 Søner åt Merari gjenom Ja'asia, son hans, var og Soham og Sakkur og Ibri.
28 Mahli hadde sonen Eleasar; men han hadde ingi søner.
29 Til Kis - Kis-sønene - høyrde Jerahme'el.
30 Sønene åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levit-sønene etter ættgreinene deira.
31 Dei og kasta lut for kong Davids augo liksom Arons-sønene, brørne deira, og Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levitane - hovdingen for kvar ættgrein so vel som den yngste samættingen hans - var med og såg på.