Første Krønikebok 22
1 David sa: Her skal det standa, huset åt Herren Gud, og her skal Israel hava brennofferaltaret sitt.
2 So baud han at dei framande som budde i Israels-landet, skulde kallast i hop, og han sette steinhoggarar til å hogga til den steinane som Guds hus skulde byggjast av.
3 Han drog og i hop ovmykje jarn til naglar i portdørene og til kjengar, og ei slik ovmengd med kopar at han ikkje var vegande,
4 og so mange sederbjelkar at det ikkje var tal på dei; for sidonarane og Tyrus-mennene førde ovmykje sedertre til David.
5 For David tenkte med seg: Salomo, son min, er ung og kløkk. Men huset som skal byggjast åt Herren, lyt gjerast ovende stort, so det kann vera til gjetord og æra for han i alle land. Difor vil eg samla vyrke åt han! So drog han i hop ovmykje vyrke fyrr han døydde.
6 Ein dag kalla han til seg Salomo, son sin, og bad han byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
7 David sa til Salomo, son sin: Eg hadde sjølv tenkt meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud;
8 men då kom det eit ord til meg frå Herren, og det lydde so: Du hev rent ut mykje blod og gjort store herferder. Du skal ikkje byggja noko hus for namnet mitt; sidan du hev rent so mykje blod på jordi for mi åsyn.
9 Men du skal få ein son, som skal vera ein fredsæl mann, og han vil eg lata få fred for alle fiendane sine rundt ikring; for Salomo* skal han heita, og eg vil lata Israel hava fred og ro i hans dagar.
10 Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel for all tid.
11 So vere då Herren med deg, son min! Gjev du må hava lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, soleis som han hev tala um deg!
12 Berre no Herren vil gjeva deg visdom og vit når han set deg yver Israel, og at du må halda lovi åt Herren din Gud!
13 Då kjem du til å hava lukka med deg - når du aktar vel på å leva etter dei bodi og lovene som Herren let Moses kunngjera for Israel. Ver sterk og stød! Du skal ikkje reddast og ikkje fæla.
14 Her hev eg med stor møda drege i hop åt Herrens hus hundrad tusund talent gull og tusund gonger tusund talent sylv, og dessutan meir kopar og jarn enn ein kann vega; so mykje er det. Trevyrke og stein hev eg og fenge fram, og meir kann du sjølv leggja attåt.
15 Arbeidsfolk hev du og i flokketal, steinhoggarar og murarar og timbremenner og dertil allslags folk som er kunnige i alle andre slag arbeid.
16 Av gull og sylv og kopar og jarn er her so mykje at det ikkje er teljande. So tak då på med verket, og Herren vere med deg!
17 So baud David alle Israels hovdingar at dei skulde hjelpa Salomo, son hans, og sa:
18 Ser de ikkje at Herren dykkar Gud er med dykk og hev gjeve dykk ro på alle leidar? For dei folki som fyr åtte heime i landet, hev han gjeve i mitt vald, og landet er lagt under Herren og folket hans.
19 So legg no dykkar hjarta og hug på å søkja Herren dykkar Gud, og gjer dykk reiduge og bygg heilagdomen åt Herren Gud, so de kann få flutt Herrens paktkista og dei heilage gognene som høyrer til gudstenesta, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn!