Første Krønikebok 2
1 Dette var sønene åt Israel: Ruben, Simeon, Levi og Juda, Issakar og Sebulon,
2 Dan, Josef og Benjamin, Naftali, Gad og Aser.
3 Sønene åt Juda var Er og Onan og Sela; desse tri fekk han med dotter åt Sua, kana'anitarkvinna. Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og han laga det so at han døydde.
4 Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah, so han i alt hadde fem søner.
5 Sønene åt Peres var Hesron og Hamul.
6 Sønene åt Serah var Simri* og Etan og Heman og Kalkol og Dara; dei var i alt fem.
7 Karmi* hadde sonen Akar**. Det var han som førde Israel i ulukka, med di han ikkje for ærleg åt med det som var vigt til Herren.
8 Etan hadde sonen Asarja.
9 Sønene som Hesron fekk, var Jerahme'el, Ram og Kelubai*.
10 Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, som var hovding yver Juda-borni.
11 Og Nahson fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.
12 Og Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.
13 Isai fekk sonen Eliab, det var fyrste sonen hans; den andre heitte Abinadab og den tridje Simea,
14 den fjorde Netanel, den femte Raddai,
15 den sette Osem, den sjuande David.
16 Systerne deira heitte Seruja og Abiga'il. Seruja hadde sønene Absai og Joab og Asael, tri i talet.
17 Abiga'il fekk sonen Amasa. Far åt Amasa var Jeter ismaeliten.
18 Kaleb, son åt Hesron, fekk born med Asuba, kona si, og med Jeriot; sønene hennar* var Jeser og Sobab og Ardon.
19 Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kona; med henne fekk han sonen Hur.
20 Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
21 Sidan gifte Hesron seg med ei dotter åt Makir, far åt Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kona; med henne fekk han sonen Segub.
22 Segub fekk sonen Ja'ir, han åtte tri og tjuge byar i Gilead-landet.
23 Men gerusitane og aramearane tok frå dei Ja'irs-byane og like eins Kenat med landsbyane som låg ikring - i alt seksti byar. Alle desse* var søner åt Makir**, far åt Gilead.
24 Hesron hadde endå ei kona som heitte Abia; med henne fekk han sonen Ashur som var far åt Tekoa*; ho åtte han etter Hesron var avliden i Kaleb-Efrata.
25 Sønene åt Jerahme'el, eldste son hans Hesron, det var Ram, den eldste, og Buna og Oren og Osem; dei sønene fekk han med Akia.
26 Men Jerahme'el hadde ei onnor kona og, som heitte Atara; ho vart mor åt Onam.
27 Sønene åt Ram, eldste son åt Jerahme'el, det var Ma'as og Jamin og Eker.
28 Sønene åt Onam var Sammai og Jada, og sønene åt Sammai var Nadab og Abisur.
29 Kona åt Abisur heitte Abiha'il; med henne fekk han sønene Akban og Molid.
30 Sønene åt Nadab var Seled og Appa'im. Seled døydde barnlaus.
31 Appa'im fekk sonen Jisi, og Jisi fekk sonen Sesan, og borni* åt Sesan var Aklai.
32 Sønene åt Jada, bror hans Sammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus;
33 men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var sønene etter Jerahme'el.
34 Sesan hadde ingi søner, anna berre døtter. Men Sesan hadde ein tenar som var frå Egyptar-land og heitte Jarha;
35 so let han Jarha, tenaren sin, få dotter si til kona, og med henne fekk han sonen Attai.
36 Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk sonen Sabad,
37 og Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed,
38 og Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja,
39 og Asarja fekk sonen Hales, og Hales fekk sonen Elasa,
40 og Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sallum,
41 og Sallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisama.
42 Sønene åt Kaleb, bror hans Jerahme'el, var Mesa, som var eldste sonen hans - han var far åt Sif - og sønene åt Maresa, far åt Hebron.
43 Sønene åt Hebron var Korah og Tappuah og Rekem og Sema.
44 Sema fekk sonen Raham, som vart far åt Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sammai.
45 Son hans Sammai var Maon, og Maon var far åt Betsur.
46 Efa, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Haran og Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases.
47 Sønene åt Jehdai var Regem og Jotam og Gesan og Pelet og Efa og Sa'af.
48 Ma'aka, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Seber og Tirhana.
49 Ho åtte og sonen Sa'af, som vart far åt Madmanna, og Seva, som vart far åt Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter og, som heitte Aksa.
50 Dette var sønene hans Kaleb: Sobal, son åt Hur - som var eldste son åt Efrata - og far åt Kirjat-Jearim,
51 og Salma, far åt Betlehem, og Haref, far åt Bet-Gader.
52 Sønene hans Sobal, far åt Kirjat-Jearim, var Haroe* og helvti av Hammenuhot-ætti.
53 Kirjat-Jearims-ættene var jitritane og putitane og sumatitane og misra'itane; frå dei hev soratitane og estaolitane kome.
54 Sønene åt Salma var Betlehem og netofatitane, Atrot-Bet-Joab, og helvti av manahtitane, soritane.
55 Ættene åt dei skriftlærde som budde i Jabes, var titratitane og simatitane og sukatitane. Dette var dei kinitane som som var ætta frå Hammat, far åt Rekabs-ætti.