«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 16

1  Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne midt i den tjeldbui som David hadde reist åt henne, og so bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn.

2  Og då David hadde fullført ofringi, lyste han velsigning yver folket i Herrens namn.

3  So skifte han ut åt kvar israelit, både kar og kvinna, ein brødleiv og eit stykke kjøt og ei rosinkaka til manns.

4  Sidan sette han nokre av levitane til å gjera tenesta framfor Herrens kista og til å prisa og takka og lova Herren, Israels Gud.

5  Asaf var den øvste av dei; næst etter han kom Sakarja og so Je'iel og Semiramot og Jehiel og Mattitja og Eliab og Benaja og Obed-Edom og Je'iel, alle med harpor og citarar. Asaf skulde slå på cymblane,

6  og prestane Benaja og Jahasiel skulde jamleg blåsa i lur framfor Guds paktkista.

7  Denne same dagen var det David fyrste gongen sette Asaf og brørne hans til å lova Herren med sovorne ord:

8  Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk!

9  Syng for han, syng han lov! Grunda på alle hans under!

10  Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå dei som søkjer Herren!

11  Spør etter Herren og hans makt, søk hans åsyn alltid!

12  Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,

13  de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde.

14  Han er Herren vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.

15  Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,

16  den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak!

17  Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt,

18  med di han sa: Deg vil eg gjeva Kana'ans land til arvlut,

19  då de var ein liten flokk, få og framande der.

20  Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk.

21  Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot dei, og han refste kongar for deira skuld:

22  Rør ikkje dei eg hev salva, og far ikkje ille med mine profetar!

23  Syng for Herren, all jordi, forkynn frå dag til dag hans frelsa!

24  Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!

25  For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar.

26  For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.

27  Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad.

28  Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og makt!

29  Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud!

30  Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka.

31  Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningane: Herren er konge.

32  Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt som på marki er!

33  Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og vil døma jordi.

34  Prisa Herren! for han er god, hans miskunn varer æveleg.

35  Og seg: Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningane, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av di me kann lova deg!

36  Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket sa amen og lova Herren.

37  So let han Asaf og brørne hans vera att der framfor Herrens paktkista, so dei jamleg skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var skipa for kvar dag.

38  Og Obed-Edom og brørne deira, åtte og seksti i talet, Obed-Edom, son åt Jeditun, og Hosa sette han til portvaktarar.

39  Sadok, presten, og brørne hans, prestane, let han stogga framfor Herrens tabernakel på haugen i Gibeon,

40  so dei jamleg skulde bera fram brennoffer åt Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som stend skrive i Herrens lov, den som han hadde bode Israel å halda.

41  I lag med dei var Heman og Jedutun og dei andre som var utvalde og uppnemnde til å lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.

42  Og dei - Heman og Jedutun - hadde hjå seg lurar og cymblar til bruk for dei som skulde spela, og like eins andre spelgogner til songen i gudstenesta. Jedutuns-sønene var portvaktarar.

43  Sidan tok alt folket ut att og for kvar til sin heim, og David vende og heim att, vilde helsa på huslyden sin.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23