«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 15

1  Sidan bygde han seg fleire hus i Davids-staden, og han stelte til eit rom åt Guds kista og sette upp eit tjeld åt henne.

2  Den gongen sa David: Ingen utan levitane må bera Guds kista; for dei hev Herren valt ut til å bera Guds kista og til å tena han i all æva.

3  David stemnde heile Israel i hop til Jerusalem; dei skulde vera med og føra Herrens kista upp til det romet han hadde stelt til åt henne.

4  So kalla han saman Arons-sønene og levitane:

5  av Kehats-sønene Uriel, hovdingen, og brørne hans, hundrad og tjuge i talet;

6  av Merari-sønene Asaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad og tjuge i talet;

7  av Gersoms-sønene Joel, hovdingen, og brørne hans, hundrad og tretti talet;

8  av Elisafans-sønene Semaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad i talet;

9  av Hebrons-søner Eliel, hovdingen, og brørne hans, åtti i talet;

10  av Ussiels-sønene Amminadab, hovdingen, og brørne hans, hundrad og tolv i talet.

11  So kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levitane Uriel og Asaja og Joel og Semaja og Eliel og Amminadab

12  og sa til dei: De er hovdingar for ættgreinene åt levitane. Helga dykk no, både de og brørne dykkar, og før so kista åt Herren, Israels Gud, upp til det romet eg hev stelt til åt henne!

13  Det var av di de ikkje var med fyrre gongen at Herren vår Gud braut inn i flokken vår; for me søkte han ikkje på rette måten.

14  Då helga dei seg, prestane og levitane, so dei kunde føra kista åt Herren, Israels Gud, upp dit ho skulde.

15  Og levit-sønene bar Guds kista på herdane sine etter berestengene, soleis som Moses hadde sagt dei fyre etter Herrens ord.

16  So baud David levithovdingane at dei skulde lata songarane i ætti si stiga fram med spelgogner, harpor og citarar og cymblar, som dei skulde låta på medan dei let gledesongen ljoma.

17  Då let levitane Heman Joelsson stiga fram, og av hans brør Asaf Berekjason, og av Merari-sønene, brørne deira, Etan Kusajason,

18  og saman med dei brørne deira i andre rekkja, Sakarja og Ben og Ja'asiel og Semiramot og Jehiel og Unni og Eliab og Benaja og Ma'aseja og Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je'iel, portvaktarane.

19  Songarane Heman og Asaf og Etan skulde slå på koparcymblar.

20  Sakarja og Asiel og Semiramot og Jehiel og Unni og Eliab og Ma'aseja og Benaja skulde spela på harpor etter Alamot*,

21  og Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je'iel og Asasja skulde spela på citarar etter Sjeminit* og styra songen.

22  Kenanja, songmeisteren åt levitane, lærde dei andre upp i songen; for han var kunnig i slikt.

23  Berekja og Elkana var dørvaktarar ved kista.

24  Prestane Sebaina og Josafat og Netanel og Amasai og Sakarja og Benaja og Elieser bles i lur framfor Guds kista, og Obed-Edom og Jehia var og dørvaktarar ved kista.

25  So tok David i vegen, både han og Israels styresmenner og dei øvste hovdingane; og skulde henta Herrens paktkista med fagnad upp frå huset til Obed-Edom.

26  Og for di Gud hjelpte levitane som bar Herrens paktkista, ofra dei sju uksar og sju verar.

27  David var klædd i ei kappa av kvitt bomullsty, og like eins alle dei levitane som bar kista, og songarane og Kenanja, songmeisteren, som styrde songen; dessutan bar David ei prestekåpa av lereft.

28  So førde då heile Israel Herrens paktkista upp med fagnadrop og lurlåt, og dei bles i trompetar og slo på cymblar og spela på harpa og citar.

29  Men då Herrens paktkista vart bori inn i Davids-staden, bar det so til at Mikal Saulsdotter skoda ut gjenom vindauga, og då ho såg korleis kong David hoppa og dansa, vanvyrde ho han i sitt hjarta.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23