«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 14

1  Hiram, kongen i Tyrus, skikka sendemenner til David med sedertre; han sende og steinhoggarar og timbremenner, som skulde byggja eit hus åt han.

2  Og David skyna at Herren hadde stadfest kongedømet hans yver Israel; for riket hans hadde vorte lyft høgt for hans eige folk, Israels skuld.

3  I Jerusalem tok David seg endå fleire konor, og han fekk endå fleire søner og døtter.

4  So er namni på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab og Natan og Salomo

5  og Jibhar og Elisua og Elpelet

6  og Nogah og Nefeg og Jafia

7  og Elisama og Be'eljada og Elifelet.

8  Då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, drog dei ut alle saman og vilde freista å få tak i han; og då David fekk vita det, drog han ut imot dei.

9  So kom filistarane og spreidde seg utyver i Refa'im-dalen.

10  Då spurde David Gud: Skal eg draga ut mot filistarane? Vil du gjeva dei i mine hender? Og Herren svara: Drag du ut! Eg vil gjeva dei i dine hender.

11  So drog dei upp til Ba'al-Perasim. Der slo David dei. Då sa han: Gud hev brote seg igjenom fiendane mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom. Difor var det den staden fekk namnet Ba'al-Perasim.

12  Dei let etter seg gudane sine der, og David let mennene sine kasta dei på elden og brenna dei upp.

13  Men filistarane kom att og spreidde seg på nytt lag utyver i dalen.

14  So spurde David Gud att, og Gud svara: Du skal ikkje draga upp etter dei; snu deg frå dei og gakk utanikring, og gyv so på dei midt for baka-trei!

15  Når du høyrer ljoden av steg i toppane på baka-trei, då lyt du brjota fram i striden; for då hev Gud drege ut framfyre deg og vil slå filistarheren.

16  So gjorde David som Gud hadde sagt til han, og dei slo filistarheren og elte dei frå Gibeon og alt til Geser.

17  Og Davids namn for um alle land, og Herren let det koma ei redsla for han yver alle folkeslag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23