Første Krønikebok 13
1 David samrådde seg med hovudsmennene, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann - med alle hovdingane.
2 So sa han til heile Israels-lyden: Um de so synest, og det kjem frå Herren vår Gud, so lat oss senda bod til alle kantar til dei andre brørne våre i alle Israels bygder, og dessutan til prestane og levitane i byane dei hev med beitemarker ikring, at dei skal koma saman hjå oss,
3 og lat oss so flytja kista åt vår Gud hit til oss! For i Sauls dagar spurde me ikkje etter henne.
4 Då svara heile lyden at so skulde gjerast; for heile folket tykte det var rett.
5 So kalla David i hop heile Israel frå Sihor* i Egyptar-land til dit det ber burtimot Hamat; dei skulde vera med og henta Guds kista frå Kirjat-Jearim.
6 Og David og heile Israel for upp til Ba'ala - til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda-fylket - og vilde henta kista åt Gud Herren, han som tronar yver kjerubane, den kista som namnet hans vert nemnt yver.
7 Dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt or huset hans Abinadab; det var Ussa og Ahjo som køyrde vogni.
8 Og David og heile Israel dansa og leika for Guds åsyn av all makt, alt medan dei song og spela på citar og harpa og slo på trumma og cymbel og bles i lur.
9 Då dei kom til treskjestaden åt Kidon, rette Ussa ut handi og vilde taka fat i kista, av di uksane var ustyrlege.
10 Då loga Herrens harm upp mot Ussa, og Guds hand råma han for di han hadde rett ut handi si mot kista, so han døydde der for Guds åsyn.
11 Det gjekk hardt inn på David at Herren hadde slege Ussa ned; difor kalla dei den staden Peres-Ussa, og det namnet hev halde seg til denne dag.
12 Den dagen vart David redd Herren og sa: Korleis skulde eg kunna føra Guds kista heim til meg?
13 Og han flutte ikkje kista heim til seg i Davids-staden, men let dei føra henne burt til huset åt Obed-Edom, som var frå Gat.
14 Der hjå Obed-Edom, i huset hans, vart Guds kista ståande i tri månader, og Herren velsigna huset åt Obed-Edom og alt som var hans.