Første Krønikebok 11
1 So kom heile Israel i hop hjå David i Hebron og sa: Du veit me er same folket, me og du.
2 Alt for lenge sidan, endå medan Saul var konge, var det du som gjekk fyre Israel, både ut i striden og heim att, og Herren din Gud sa til deg: Du skal gjæta Israel, folket mitt, og du skal vera fyrste yver Israel, folket mitt.
3 Alle styresmennene i Israel kom til kongen i Hebron. Då gjorde David ei pakt med dei der for Herrens åsyn, og dei salva han til konge yver Israel, soleis som Herren hadde sagt gjenom Samuel.
4 So drog David og heile Israel til Jerusalem - det er det same som Jebus; der budde jebusitane; dei åtte heime der i landet frå gamalt.
5 Då sa Jebus-buane til David: Hit inn kjem du aldri! Men David tok Sions-borgi, no heiter ho Davids-staden.
6 Den gongen sa David: Den som fyrst slær jebusitane, han skal verta hovding og førar. Joab Serujason, var den som kom fyrst upp, og han vart hovding.
7 David sette seg til i borgi; difor kalla dei henne Davids-staden.
8 Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og alt ikring, og Joab bygde upp att resten av byen.
9 Sidan auka Davids velde meir og meir, og Herren, allhers Gud, var med han.
10 No skal me nemna dei gjævaste av kjempone hans David, dei som saman med heile Israel studde han manneleg i kongedømet hans, so han skulde verta konge etter Herrens ord um Israel -
11 dei kjempone skal me no rekna upp: Fyrst er det Jasobam, son åt Hakmoni, hovding yver drabantane; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad falne på ein gong.
12 Etter han kom Eleasar, son åt Dodo, son åt Ahohi; han var ein av dei tri kjempone.
13 Han var med David i Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg og baud ufred. Det var ein tett byggåker der. Då so folket rømde for filistarane,
14 tok dei støde midt åkeren og berga han og hogg ned filistarane. Soleis let Herren dei vinna ein stor siger.
15 Ein gong for tri av dei tretti hovdingane nedetter berget til David, som var Adullams-helleren. Filistarheren hadde då lægret sitt i Refa'im-dalen.
16 David var den gongen sjølv i borgi, og ein av utpostane åt filistarane var i Betlehem.
17 Då fekk David brått ein sterk hug og sa: Gjev einkvan vilde lata meg få ein vassdrykk or den brunnen som er innmed porten i Betlehem!
18 Då braut desse tri seg gjenom filistarlægret og auste vatn upp or brunnen som er innmed porten i Betlehem, og tok det med seg og kom til David med det. Men han vilde ikkje drikka det - han auste det ut for Herren.
19 Og han sa: Gud frie meg frå å gjera slikt! Skulde eg drikka blodet åt desse mennene som hev våga livet sitt? For dei våga livet sitt då dei henta det. Han vilde ikkje drikka det. Dette gjorde dei tri kjempone.
20 So var det Absai, bror hans Joab; han var førar for dei tri. Han svinga spjotet sitt yver tri hundrad falne. Han hadde eit stort namn millom dei tri.
21 Han var ein gong til so mykje vyrd som nokon annan i dette tritalet og vart hovdingen deira; men han nådde ikkje so høgt som dei tri.
22 So var det Benaja Jojadason, som var son åt ein djerv og dådrik stridsmann frå Kabse'el. Han felte dei tvo løvekjempone frå Moab. Ein snøversdag steig han ned i ein brunn og drap ei løva.
23 Like eins felte han ein egyptisk rise, som var fem alner høg. I handi hadde egyptaren eit spjot som ein vevar-rév. Men Benaja gjekk på han med staven sin, reiv spjotet ut or handi hans og drap han med hans eige spjot.
24 Dette gjorde Benaja Jojadason. Han hadde eit stort namn millom dei tri kjempone.
25 Framfor dei tretti var han æra, men han nådde ikkje so høgt som dei tri. David gav han rom millom næmaste rådgjevarane sine.
26 Dei djervaste herkjempone var: Asael, bror hans Joab; Elkanan Dodoson frå Betlehem;
27 Sammot, haroriten; Heles, peloniten;
28 Ira Ikkesson frå Tekoa; Abieser frå Anatot;
29 Sibbekai av Husa-ætti; Ilai, ahohiten;
30 Maharai frå Netofa; Heled Ba'anason frå Netofa;
31 Itai Ribaison frå Gibea i Benjamins-fylket; Benaja frå Piraton;
32 Hurai frå Ga'as-dalane; Abiel, arbatiten;
33 Asmavet frå Baharum; Eljahba, sa'alboniten;
34 Bene-Hasem frå Gison; Jonatan Sageson av Harar-ætti;
35 Akiam Sakarsson av Harar-ætti; Elifal Ursson;
36 Hefer frå Mekera; Akia, peloniten;
37 Hesro frå Karmel; Na'arai Esbaison;
38 Joel, bror åt Natan; Mibhar Hagrison;
39 Selek frå Ammon; Nahrai frå Berot, våpensveinen åt Joab Serujason;
40 Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir;
41 Uria, hetiten; Sabad Ahlaison;
42 Adina Sisason av Rubens-ætti, ein av hovdingane åt rubenitane, og attåt han tretti mann;
43 Hanan Ma'akason og Josafat, mitniten;
44 Ussia, asteratiten; Sama og Je'uel, søner åt Hotam frå Aroer;
45 Jediael Simrison og Joha, bror hans, tisiten;
46 Eliel Hammahavim og Jeribai og Josavja, søner åt Elna'am, og Jitma frå Moab;
47 Eliel og Obed og Ja'asiel Hammesobaja.